søndag 28. oktober 2012

Endeleg!

Etter mykje trøbbel med bloggen den siste månaden, såg eg meg nødt til å lage eit heilt nytt utsjåande på bloggen. Eg er ikkje heilt i mål, men startar å bli nøgd. Denne helga har me flytta nettbutikken til Stord for å ha ope utsal på Bytunet kjøpesenter fram mot Jul. Kan tru det var litt av eit syn den fulllasta digre varebilen som var stua til randen. Takk til alle som var med og hjelpte oss, takk til mamma & pappa som ALLTID still opp same kva ideear og moglegheiter som dukkar opp.
Til veka skal me prøva å komme på plass i det koslege lokalet vårt, så blir det opning på laurdag den 3.
Då må du stikka innom om du er i nærleiken! Ellers så har me fått varer frå lekre Bloomingville. Ein del av det er alt på plass i nettbutikken, du kan ta ein kikk her om du vil.
Hugs at om me "flyttar" til Stord for ein liten periode, kjem ope lager på Vea til å forsetja som før på onsdager etter nyttår. Oppfordrar Karmøybuane/Haugesund-arane og alle andre faste kundene våre til å ta turen til Stord, der er det mange flotte kjekke og unike butikkar å kikka i. Alt frå kjekke sy-strikke butikkar til spanande interiør og unike klesbutikkar. Så kan dykk gå på kafe i gågata etterpå.
(Å ikkje gløyme å stikke innom for å sei hei til oss :)
Hadde mykje på hjarta ikveld, då det er lenge sidan me har blogga, ynskjer kvar og ein av dykk ein flott kveld og hugs:

3 kommentarer:

  1. Ååå kor eg gler meg til De kjem til Stord! Eg stikk nok innom snarast:)

    Helsing Siv

    SvarSlett
  2. Så spennende! Det er jo ikke så langt fra Bergen til Stord heller,
    så ikke umulig det blir en tur:-)

    SvarSlett
  3. Kjempespennade !
    Eg besøker butikken på Stord ved første høve :)

    Mvh
    Janne

    SvarSlett