fredag 1. juni 2012

Min eigen sykrok

Hurra, endeleg har eg fått meg ein liten krok til sysakene mine. Det har eg ynskja meg lenge. Kanskje nokon kjenner seg igjen, kvar gong eg har lyst å sy er det til å hala fram stoff frå skuffer å skap, okkupera kjøkenbordet med symaskinane, spre stoff utøve heila kjøkengolvet... Med 4 ungar må man nytta tia godt når man fyrst har sett seg ned å sy, plutseleg er klokka der og det er tid for å henta og bringa ungar, matlaging osv.. med kjøkenet fullt av sysaker og mors siste prosjekt som enda ikkje er ferdig, kan eg lova deg at det fort blir kaotiske tilstandar i heimen... Stoffrestar, avklypp, tråd og nåler flyt i heile 1.etasjen.... Nå skal det bli godt å få ei dør å lukka - så kan eg forsetja når roen har senka seg i heimen. Nå er det berre ein krok på soverrommet, ikkje det ideelle, og soverommet vil eg aller helst ha minst mogleg, men til nybygget er ferdig får me prioritera og nytta plassen så godt me kan!
Ynskjer alle ei rektig fin helg!



3 kommentarer:

  1. Flott sykrok,deilig med en egen plass hvor en kan la symaskinen stå fremme.Nydelige farger på stoffene dine.Noen i samme fargeskala blir med meg på en ukes freie:)God helg!

    SvarSlett
  2. Herlig! Gratulerer :) :)
    Eg lure på om eg skal bygge ut min sy krok..:)
    God helg!

    SvarSlett