fredag 18. mai 2012

Retromarknad i morgon

Ja, nå har me gjort dei siste forberedelsane til me skal reisa på retromarknad på Rådhusplassen i Haugesund i morgon. Kan tru me gler oss! Me har redesigna klede, sydd kjolar av dynetrekk frå det herliga 70-talet, retrotapet har me med samt mange andre spennande og fargerike gobetar. Retromarkanden er åpen 12-16 i morgon - håpar du har tid å ta deg ein tur.
Her er det mange skattar å få kloa i! Viser bilete av nokre av de tinga me har tenkt å ta med. Ha ein herleg kveld!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar