tirsdag 30. oktober 2012

Stengt på ope lager....

I dag flytar me inn i lokala på Bytunet Stord - opning på lauradg 3.november. Minnar difor om at me har stengt på ope lager på Vea fram til etter nyttår! Men nettbutikken er alltid open, ein kan framleis henta der om man ynskjer å bestilla i nettbutikken. Ope lager der forsett som før kvar onsdag på nyåret.
Ha ein flott dag!
Håpar nokon av dykk har lyst å besøka oss på Stord også - me gler oss!
Bilde er henta frå Bloomingville



Snart på tide...

Tru det eller ei, tida er snart inne for å tenkja advent. Desse flotte tala til å henga på lys er nå på plass i nettbutikken, til ein hyggeleg pris kun 39,- Dei er frå Bloomingville. Du finn dei her.
Ha ein kjekk tirsdag du som stikk innom bloggen. I morgon blir det full rulle med å få saker og ting på plass i dei koslege lokala på Bytunet Stord - der me skal ha ope kvar onsdag, fredag og laurdag fram mot Jul. Me GLEEER oss!

mandag 29. oktober 2012

Retro kjøkenvekt

Desse kule retro inspirerte kjøkenvektene frå Bloomingville er nå på plass i nettbutikken. Du finn dei her om du vil ta ein kikk.
Ynskjer alle ein finfin mandag og minner om at du kan vinne eit lilla strykejern frå nettbutikken Whiteaway, sjå fana til høgre på bloggen vår.

søndag 28. oktober 2012

Endeleg!

Etter mykje trøbbel med bloggen den siste månaden, såg eg meg nødt til å lage eit heilt nytt utsjåande på bloggen. Eg er ikkje heilt i mål, men startar å bli nøgd. Denne helga har me flytta nettbutikken til Stord for å ha ope utsal på Bytunet kjøpesenter fram mot Jul. Kan tru det var litt av eit syn den fulllasta digre varebilen som var stua til randen. Takk til alle som var med og hjelpte oss, takk til mamma & pappa som ALLTID still opp same kva ideear og moglegheiter som dukkar opp.
Til veka skal me prøva å komme på plass i det koslege lokalet vårt, så blir det opning på laurdag den 3.
Då må du stikka innom om du er i nærleiken! Ellers så har me fått varer frå lekre Bloomingville. Ein del av det er alt på plass i nettbutikken, du kan ta ein kikk her om du vil.
Hugs at om me "flyttar" til Stord for ein liten periode, kjem ope lager på Vea til å forsetja som før på onsdager etter nyttår. Oppfordrar Karmøybuane/Haugesund-arane og alle andre faste kundene våre til å ta turen til Stord, der er det mange flotte kjekke og unike butikkar å kikka i. Alt frå kjekke sy-strikke butikkar til spanande interiør og unike klesbutikkar. Så kan dykk gå på kafe i gågata etterpå.
(Å ikkje gløyme å stikke innom for å sei hei til oss :)
Hadde mykje på hjarta ikveld, då det er lenge sidan me har blogga, ynskjer kvar og ein av dykk ein flott kveld og hugs:

lørdag 6. oktober 2012

- 20% i hele nettbutikken

Hurra! Nettbutikken AnnaJohanna fyller 3-år. Vi feirer med -20% på alle varer i nettbutikken denne helgen. Bruk Rabattkode VIP + oppdater, så trekkes rabatten fra. Trykk her for å komme til nettbutikken