lørdag 30. juni 2012

Til alle dykk som elskar å sy...

Desse rullane med lappar frå Rice, er akuratt nok til å laga seg eit lappeteppe på 140 x 200 cm. Kjempefine fargar. Kjekt og veldig praktisk når det er ferig klyppa!§ eg har laga meg eit lappeteppe til minsten si vogn.
Du finn dei i nettbutikken her.
Ynskjer alle ein rektig flott laurdag!


Her er nokre av lappane.




onsdag 27. juni 2012

Stettefat frå Rice

Me har fått inn nokre utruleg kjekke stettafat i melamine frå Rice. Fata har ein diameter på heile 35cm og finnes i raudt og blått. Me har fått desse inn til ein svært kjekk pris og har då den glea av å selja den vidare til dykk til 215,- Det er eit godt tebod. Melamine er eit fantastisk materiale som hel seg i mange år, så dette fatet kan du servera dei herlegaste rettar på både ute og inne i lang tid framøve. Du finn dei i nettbutikken ved å trykka her.


søndag 24. juni 2012

Ferdig oppklippa lappeteppe til sals

Har fått tak i fleire av desse fantastiske rullane med "gjør det sjølv" lappeteppe frå Rice♥ Pakken inneheld lappar til eit teppe som kan bli 140 x 220 cm, for og baksykke er ikkje med. Det kostar kun 240,-
Du finn dei i nettbutikken her. Du treng jo ikkje laga eit stort lappeteppe men mindre små. Eg har til dømes laga eit fint sitteunderlag til tralla til vesla. 
Ha ein kreativ dag!

Til London med små barn

Då var me alså heime igjen etter ein travel men kjempe kjekk tur til London. Turen var nøye planlagt og me hadde forberedt oss før me reiste. Ikkje alltid ting går heilt etter planen, det blei litt meir taxi kjøyring enn planlagt, men det er ein behagleg måte å kome seg frampå. Når man er 6 stk, derav 5 av oss som må betala på tube/buss/tog, så blir det ikkje så mykje dyrare allikevel. Sidan me har ein liten ein, hadde me veldig lyst til å bu ein plass med eit rom me kunne lukka døra att til rommet minsten sov i på kvelden, slik at me andre slapp å sitta oppå kvarandre musestille i mørke om kvelden. Å med fleire familiemedlemer med munndiare, er ikkje det reint enkelt. Me fant oss ein leilighet/familierom på Grand Plaza Apartment som har beliggenhet med Hyde Park. Næraste undergrunn er Bayswater og Nottinh Hill. Paddington togstasjon ligg heller ikkje så langt ved. Me var svært nøgd med leiligheten og det var både kjøpesenter og supermarked rett ved. Ein stor kjempe kjekk leikepark. (Diana Memorial Playground)
Me var frå søndag til torsdag så me fekk god tid på oss til å besøka London Zoo, Legoland, British Museum og selvfølgeleg Hamleys. Når kvelden senka seg fekk også mor tilfedstillt sine shoppingbehov i Oxford Street og andre kjekke handlegater. Her er nokre bilete frå turen :

Her er ein som ransaker vogna vår

Legoland


I Atlantis










I lekeparken i Hyde Park
British Museum

Hamleys - 6 etasjer med leker..

lørdag 23. juni 2012

Heima igjen...

Nå er det jammen meg ei stund sia me har blogga. Kom nett heim frå ein kjekk og inspirerande tur til London. Man kan ikkje ligga på latsida når man reiser på storby ferie med 4 born. Men alt var vellukka, kjekk leilighet og me fekk oppleva både London Zoo og Legoland. Mor fekk også tilfredstilla sine shoppingbehov. Men nå er me altså på plass heime igjen og tradisjonen tru skulle me gå ut å brenna bål. Værgudane var ikkje heilt på vår side og det ausa ned, derfor tok med ein liten St.hans fest heime istaden for. Veldig kjekt! Håper dykk dom kikkar innom har og har hatt ein fin dag!



lørdag 9. juni 2012

Åpent lager i morgon..

I morgon holder vi åpent lager på AnnaJohanna, då slår me til med ekstra gode tilbud på Rice sine herlege produkt. Blant anna blir det halv pris på dei bollesetta på bilede nedanfor. Melamine tallerkar til 39,- Store kurver til 99,- og mykje mykje anna. Så har du andledning å komma er du hjarteleg velkommen til å ta turen til Dolhaugvegen 7 på Vea i morgon 14-18. Har du ikkje anledning å komma, men lyst til å vinna eit bollesett, kan du delta her.
Ynskjer alle ei rektig god helg!

fredag 8. juni 2012

Genial mixebolle

I dag fekk eg anledning til å prøve ut mi nye mixebolle i melamine frå Rice. Eg merka fort at denne kjem til å bli ein favoritt i heimen. Idag sto det pannekaker på menyen og pannekakerøra blei laga i den nye bolla. Bolla sto støtt grunna den gode gummiringen under, ausa slappe eg heilt å bruka grunna den kjekke helletuten. Denna vil eg verkeleg anbefala! Du finn den til ein kjekk pris i nettbutikken her.



tirsdag 5. juni 2012

Da har eg sydd nokon av dei kjolane eg klippa i går og her kjem resultatet : Fuglane på stoffet på den nederste kjolen minna mykje om bakgrunnen på bloggen her, det var litt morosamt :-)
Ynskjer alle som er innom ein flott tirsdag!
Ps : AnnaJohanna kjolane kostar 299,- og spørsmål kan rettast til post@annajohanna.no


mandag 4. juni 2012

Sy glede!

I kveld har eg klippa og laga klar til 6 nye AnnaJohanna-kjolar,  nå gler eg meg til å setja meg ned med symaskina!
Ha ein herleg kveld alle saman!

søndag 3. juni 2012

Når mai er forbi...

Eg blir så glad og varm om hjarta når 7-åringen synger denne sangen til meg. Eit minne eg kjem til å pakka inn og gjøyma i hjarta for å så ta det fram å minnast det med glede når 7-åringen plutseleg har vorten stor. Eg prøver å nyta denne tida med små born så godt eg kan, kunne ynskja den kunne vore for alltid. Denne nydelege buketten fekk eg i dag. Ynskjer alle ein flott kveld og ei go ny veka.

Når mai er forbi så ta deg en tur
til steinrøysa neri bakken
da blomstrer det nyperoser i ur
ved steinrøysa neri bakken
Og blåklokka står og ringler i kratt
Når bålet er tent i midtsommernatt
blir juni en drøm som du
finner att i steinrøysa neri bakken.
(Frå "Året rundt" av A.Prøysen)

fredag 1. juni 2012

Min eigen sykrok

Hurra, endeleg har eg fått meg ein liten krok til sysakene mine. Det har eg ynskja meg lenge. Kanskje nokon kjenner seg igjen, kvar gong eg har lyst å sy er det til å hala fram stoff frå skuffer å skap, okkupera kjøkenbordet med symaskinane, spre stoff utøve heila kjøkengolvet... Med 4 ungar må man nytta tia godt når man fyrst har sett seg ned å sy, plutseleg er klokka der og det er tid for å henta og bringa ungar, matlaging osv.. med kjøkenet fullt av sysaker og mors siste prosjekt som enda ikkje er ferdig, kan eg lova deg at det fort blir kaotiske tilstandar i heimen... Stoffrestar, avklypp, tråd og nåler flyt i heile 1.etasjen.... Nå skal det bli godt å få ei dør å lukka - så kan eg forsetja når roen har senka seg i heimen. Nå er det berre ein krok på soverrommet, ikkje det ideelle, og soverommet vil eg aller helst ha minst mogleg, men til nybygget er ferdig får me prioritera og nytta plassen så godt me kan!
Ynskjer alle ei rektig fin helg!