søndag 24. juni 2012

Til London med små barn

Då var me alså heime igjen etter ein travel men kjempe kjekk tur til London. Turen var nøye planlagt og me hadde forberedt oss før me reiste. Ikkje alltid ting går heilt etter planen, det blei litt meir taxi kjøyring enn planlagt, men det er ein behagleg måte å kome seg frampå. Når man er 6 stk, derav 5 av oss som må betala på tube/buss/tog, så blir det ikkje så mykje dyrare allikevel. Sidan me har ein liten ein, hadde me veldig lyst til å bu ein plass med eit rom me kunne lukka døra att til rommet minsten sov i på kvelden, slik at me andre slapp å sitta oppå kvarandre musestille i mørke om kvelden. Å med fleire familiemedlemer med munndiare, er ikkje det reint enkelt. Me fant oss ein leilighet/familierom på Grand Plaza Apartment som har beliggenhet med Hyde Park. Næraste undergrunn er Bayswater og Nottinh Hill. Paddington togstasjon ligg heller ikkje så langt ved. Me var svært nøgd med leiligheten og det var både kjøpesenter og supermarked rett ved. Ein stor kjempe kjekk leikepark. (Diana Memorial Playground)
Me var frå søndag til torsdag så me fekk god tid på oss til å besøka London Zoo, Legoland, British Museum og selvfølgeleg Hamleys. Når kvelden senka seg fekk også mor tilfedstillt sine shoppingbehov i Oxford Street og andre kjekke handlegater. Her er nokre bilete frå turen :

Her er ein som ransaker vogna vår

Legoland


I Atlantis










I lekeparken i Hyde Park
British Museum

Hamleys - 6 etasjer med leker..

1 kommentar:

  1. ser ut så dåkke har hatt ein kjekke og begivenhetsrike tur :) Koselige bilder

    SvarSlett